Kvæfjordsangen

Mel.: ”Du er landets verneskog”
og egen melodi av Asbjørn Edvardsen.

borkenes

1. Kvæfjord, du er bygda vår.
Deg vi fekk som beste gave
Slik du ligg her vest mot have’ –
Meire kjær frå år til år.
Du har det vi alle likar:
Fjell og skog med elv og foss –
Sund og øyar, skjær og vikar
Smiler frisk og glad til oss.

2. Kvæfjord, du er heimen vår.
Her vi rydda stein og røter,
Fanga fisk med garn og nøter.
Her vi bygde hus og gård.
Tungt det var for rygg og neve.
Seig var torva, steinen stor.
Men så fekk vi løn for streve’
I vår gode åkerjord.

3. Stormen over bygda bles
Hardt i vintersvarte netter.
Fokk og kov frå havet setter
Brått og vilt mot klubb og nes.
Men så får vi jonsokknatta
Solgull over stavstill fjord.
Gauken gjel, og rypa skratta.
Ea ligg så glad og ror.

4. Vi vil verne denne bygd –
Såleis gjorde og de gamle.
Vi vil vekke, bygge, samle
Alt som er til folkets trygd.
I frå Kinnes og til Botn,
Nupen og til Tennvassås
Skal de få den beste lotten:
Korn på bu og kyr på bås.

5. Mange bort frå bygda for –
Kunne vel om lukka drømme;
Men de kunne aldri glømme
Brusen av sin barndoms fjord.
Far og mor si kjære stue,
Støa som du leika i –
Ja, kvar stein og grasgrodd tue
Minner om di barndoms tid.

6. Signe du, vår kjære Gud
Bygda som vi fekk i gave!
Slik ho ligg her vest mot have’
Båra bryt på kvar ei flud.
Du var god mot våre fedre
Der de sleit på land og sjø.
Lat oss minnet deira hedre!
Hjelp oss du i liv og død.
Jac. Normann.

 

Utskrift E-post

Logo

Følg oss på

Telefonnummer

  • Legesenteret tlf. 770 23400
  • Legesenteret etter kontortid 770 93600
  • Servicekontoret tlf. 770 23000
  • Alarmtlf. for barn og unge - tlf. 116 111
  • Beredskapstelefon vei, vann og avløp: 975 26 000

Kvæfjord kommune, Bygdeveien 26, 9475 Borkenes | Telefon: 77 02 30 00 | Telefaks: 77 02 30 01
E-post: postmottak@kvafjord.kommune.no
 
Ansvarlig redaktør: Administrasjonssjef Merete Hessen. Feil meldes til webmaster.